Queen Alexandra Range
Queen Alexandra Range | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 84°00′S 168°00′E / 84.000°S 168.000°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Queen Alexandra Range 84°20′00″S 166°25′00″E / 84.333333333333°S 166.41666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Queen Alexandra Range |
Queen Alexandra Range er ei stor fjellkjede i Aust-Antarktis, kring 160 km, som grensar til heile vestsida av Beardmorebreen frå Polarplatået til Rossisen. Andre namn på denne fjellkjeda er Alexandra Mountains, Alexandra Range og Königin Alexandra Gebirge.[1]
Det høgaste fjellet i fjellkjeda er Mount Kirkpatrick på 4528 moh. Andre fjelltoppar i fjellkjeda omfattar Mount Dickerson på 4120 moh.
Denne fjellkjede vart oppdaga på resia mot Sørpolen av den britiske antarktiskekspedisjonen (1907-09), og vart namngjeven av Ernest Shackleton etter dronning Alexandra av England.[1] Shackleton og mennene hans, og ein seinare ekspedisjon leia av Robert Falcon Scott, samla begge steinprøvar frå fjellkjeda som inneheldt fossil. Oppdaginga av fleircella liv så nær Sørpolen var eit av bevisa nytta i teorien om kontinentaldrift som vart publisert i 1910 og 1912.
Fjell
[endre | endre wikiteksten]Fjell | Høgd (moh) |
---|---|
Desennial Peak | 4020 |
Mount Stanley | 3220 |
Mount Bishop | 3020 |
Ahmadjian Peak | 2910 |
Mount Fox | 2820 |
Mount Ida | 1565 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Queen Alexandra Range» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Queen Alexandra Range». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 27. februar 2013.